Gamle Haslums reisebrev
Eg har no over ein lenger periode, medan Anniken søv frampå, traska gatelongs i kontinentets Tromsø og har i min iver etter å oppleve eksotiske folk og kultur gjort meg ein del erfaringar som einkvar kultivert oppdagar kan gjere nytte av. Dette får de no nyte godt av eksklusivt her på haslum.net, men eg antek Aschehoug snarleg tek kontakt for å få utgje dette verket i bokform i løpet av hausten. Eg ser for meg tittelen. Mine badnasko (iallfall jevla tronge sko) i Paris, alt du treng å vete om fransk kultur og andsliv.

Eg har planlagd turen litt før avreise og sett at det ikkje er å seie jass jass jass når ein kjem inn i eit rom slik som ein gjer heime som gjeld, det er å seie bonjour med ei syngande røyst som er tingen i Paris. Sjølv den leiaste arbeidskar og det suraste gamle skinn skal framstår glad og sprudlande akkurat når dei kjem inn døra uavhengig av korleis dei eigentleg har det.
Med tanke på dette har eg niøvd på å audmjukt tinge kaffi på det lokale språket, men det syner seg at alle i Frankrike snakkar godt engelsk og er veldig hyggelege. Eg har òg hatt med meg han onkelen som har budd eit par år i Paris og trur han snakkar fransk, men alle servitørane svarar han på engelsk og ser spørjande på meg kvar gong han prøver seg. Eg hadde eigentleg gleda meg til å komme til Frankrike og bli utskjeld for ingenting av tilfeldig gamle kjerringar på gata, men det har vore overraskande lite vaksenkjeft å få. Kan det være min jobb å strame dei opp? Eg får prøve å æresskjelle ein kelner for år være ufransk og påverka av amerikansk kultur når han kjem med konjakken i aften.

Med tanke på at kaffidrikking og bålrøyking er nasjonalsport er dei overraskande dårlege på å lage kaffi. (Dei er dog framleis verdsleiande på sigarettrøykjing med longt munnstykke) Som regel kan ein velge mellom espresso eller dobbel espresso. Om ein prøver seg på å tinge ein americano eller noko liknande får ein som regel dobbel espresso i ein litt større kopp, eller min favoritt ein espresso i ein stor kopp og ein liten klunk med lunka vatn i eit glas ved sida av. Anniken gjorde generalsynden å tinga seg ein cafe latte, då fekk ho espresso med ein skvett fløyte, servert i mjølkeglas. Eg reknar med dei ikkje hadde koppar som var store nok til å ha både espresso og fløyte i samtidig? Dei skulle jo berre fulgt kutyme og servert det i to små koppar så kan ein sjølv blande det i kjeften.

Om det freistar med egg eller bacon til frukost så skal du berre drita i det. Her serveres kaffimat mellom klokka 0800 og 1000. Du kan velge mellom croissant eller croissant med sjokolade. Mange stadar serverer med ferskpressa appelsinjus og det hjelper jo litt på å ta luven fra den meget kvasse kaffien. Eg har etter ei veke endeleg funne ein stad der dei serverer ein ganske bra omelett. Eg hadde eigentleg sett litt vekk i frå denne cafféen då eg meinte at det matchande settet med sløyfe, bukseselar og liten handduk til å tørke sveitte av panna i leopardmønster var diskvalifiserande. Eg meiner eigentleg det enda, men maten var god, berre synd kaffien var udrikkeleg.

Når det gjeld anna mat så har me fått servert både den jevlegaste franske løksuppa, den dyraste gule hotdog og den mest middelmådige cæsarsalat så her har dei noko for einkvar smak. Eigentleg er det sikkert lurast å halde seg til asiatisk mat for både chow funen og kimchien var meget.

Her har dei òg anlagt seg med den luddige løysinga der postkort kun kan kjøpast i bladkioskar og frimerkje utelukkande i tobakkskioskar. Det er sjølvsagt IKKJE det same og mykje kan tyde på at det er ein slags nasjonal minimumsavstand mellom dei. Kun ein av dei to kiosktypane i kvart arodissement eller noko. For dei uinnvidde så er eit arondissement eit slags distrikt. Arondissement er alle av ulik storleik og form og dei er plasserte ut på slump. Hotellet vår til dømes ligg ved den amerikanske ambassaden i det 8 arondissement, ei gate austover ligg det 1 arondissement og eit par gater vestover ligg det 16. Men kva kan ein forvente av eit folk som staden for å operere med nordom og sørom bekkjen velger å dele ein by i venstre og høgre elvebreidd. For ordens skuld så er den delen som er til høgre om ein står og ser austsover venstre elvebreidd, eller sørom bekkjen om du vil. Unntaket er Notre Dame som ligg på ei øy ute i elva ganske nære venstre elvebreidd, men tilhøyrer det 4 arrondissement som er på høgre elvebreidd. Resten av øya tilhøyrer det 1 arrondissement, som i det minste og er på same side så heile øya blir definert som nordom bekkjen. Forvirra? Bra. Rykk direkte til neste avsnitt.
Det er mange ting som gjer kart og kompass obligatorisk ved navigasjon. Dei har passa på å byggja gatene slik at ingen gater treff vinkelrett på kvarandre og ingen gater går beint fram. Om ein skal nordover må ein først gå ein del vestover så liiitegrann nord før ein kryssar tilbake sydaustover igjen, så gjentek ein dette heilt til ein er kommen fram. Om ein skulle være så heldig å finne ei gate som tilsynelatande går i den retninga ein har tenkt seg så kan du være heilt trygg på at den umerkbart svingar deg vekk i frå den retninga du trudde du gjekk, slik at du må gjennom dansen frå forrige setning for å komme på rett veg att. Sjølv med kart er navigering vanskeleg, det er rikeleg med stengde gater og omkøyringar. Om det ikkje er direkte stengd så er det ikkje meir enn middels aktuelt å gå under stigen til han som står og malar fasaden, så det er ingen fare for at ein finn vegen på første forsøk, ikkje ein gong for lommekjende vandrarar som meg.

Om ein kjem sjøvegen er det noko enklare. Ein kan då berre segle opp elva til ein ser Eiffeltårnet. Ved heimreis seglar ein medstraums og tek første til høgre ved den engelske kanal. Fly er enda enklare men pass litt på for bateau-mouche, er ikkje er eit sjøfly sjølv om det direkte oversett blir båt-fly, men heller elvebåt og sjølv om dei sikkert virkar greit på Seinen er det er ikkje tilrådeleg til bruk i Nordsjøen.
Alt i alt, eit håplaus folk med håplaust språk og håplaus kaffi. 10/10 Tilrådt på det grøvste. Eg har til og med funne ein plass de kan gravleggje meg etterkvart. Eg ser for meg vis a vis han her.

Åja, forresten. Anniken har lagt ut haugevis av bilete her om de vil sjå noko anna enn halvdrukkne kaffikoppar.


